Frampå - podcast frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Frampå - podcast frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kva betyr fylkeskommunen for deg? Kva gjer eigentleg ein fylkeskommune? I podkasten Frampå skal vi snakke om det som skjer i fylkeskommunen, om rollen vår som regional utviklar og som ein del av demokratiet - og om dei mange ulike oppgåvene i samspelet med kommunar, næringsliv og organisasjonar.

Frampå er Møre og Romsdal fylkeskommune sin eigen podkast. Kvar månad vil du få nye episodar.



Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Alle episoder

  • Russ 2023 - trygt og inkluderande?

    Russ 2023 - trygt og inkluderande?

    Ifølge SLT-koordinator Minda Myklebust i Ålesund kommune var ein russerebus i fjor «noko av det verste du kan tenke deg, gangar ti». Men ho trur at vi allereie i år får sjå resultat av pilotprosjektet som kom i gang for å gjere russefeiringa tryggare og meir inkluderande.

    Ho får støtte av både russeleiarar i dei tre byane og kompetansesjefen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

    Deltakarar i podkasten:

    • Minda Myklebust, SLT-koordinator i Ålesund kommune
    • Kariann D. Flovikholm, kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune
    • Ingrid Marie Gussiås, leiar av russestyret ved Atlanten vgs
    • Noa Størksen Strandhagen, leiar av russestyret ved Molde vgs.
    • Eva Andersen Berg, russepresident ved Ålesund vgs. avdeling latinskolen




    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Publisert 20. april
    41 min
  • Kva skal dei velje?

    Kva skal dei velje?

    1. mars skal rundt 3.000 10. klassingar i fylket velje vidaregåande utdanning. Men kva skal dei velje? Kva er riktig? Kva treng næringslivet? Og går det an å velje feil?

    Vi snakkar med kompetansesjef Kariann D. Flovikholm, fylkesdirektør i NAV Stein Veland, næringssjef Hilde Aspås og leiaren av ungdomsrådet Niels Lenders.



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Publisert 21. februar
    39 min
  • Her er den nye toppsjefen i fylket

    Her er den nye toppsjefen i fylket

    Den nye fylkeskommunedirektøren Toril Hovdenak vil ha med heile organisasjonen i jobben med å utvikle fylket til ein enda betre plass å bu og å drive verksemd i.

    - Eg er ikkje så veldig opptatt av at eg skal sette mitt «stempel». Eg skal skape handlingsrom for at dei som ønsker, kan og vil utvikle fylket skal gjere det saman. Eg er ikkje så opptatt av at mitt fingeravtrykk skal vere så synleg, seier Hovdenak i podkasten Frampå.

    - Eg vil heller vere den som går bak og passar på at alle blir med – at vi får med dei stemmene som er verdt å lytte til i samarbeidet.

    I podkasten blir vi meir kjend med den nye fylkeskommunedirektøren. Kven er ho? Kva står ho for? Og korleis vil ho sette sitt preg på fylkeskommunen?

    Toril Hovdenak er på plass som fylkeskommunedirektør frå 1. januar.



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Publisert 14. desember 2022
    38 min
  • Fri og villig?

    Fri og villig?

    Når det står om liv, stiller dei frivillige opp. Alltid. Slik dei også gjorde under den store redningsaksjonen då cruiseskipet Viking Sky fekk motorhavari på Hustadvika i mars 2019. 1.373 personar i nød. Og som eit mirakel var det ingen som omkom.


    Men har dei frivillige fått ei altfor tung bør på skuldrane? Kvilar storsamfunnet for mykje på dei frivillige si innsats?


    Podkasten er ein samtale under fylkeskulturkonferansen 4. og 5. desember på Bjørnsonhuset i Molde, der frivilligheita og frivilligåret 2022 blei markert og feira.



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Publisert 7. desember 2022
    40 min
  • Hemningslaus russefeiring - kven bryr seg?

    Hemningslaus russefeiring - kven bryr seg?

    Seksuelle overgrep, rus, fråvær, ekskludering og gjeld.

    - Foreldre; wake up! seier politiet i denne podkasten.

    - Eg er overraska over at 18-åringar synest at dette er gøy, seier ein russ om russerebusen.

    - Dette må skje i tett kontakt med ungdomane sjølv, seier kompetansesjefen om å endre russefeiringa.


    Dei som er med:

    • Helsesjukepleiar Maja Aurstad 
    • Miljørådgivar Kjetil Kirkevåg ved Romsdal videregående skole
    • Richard Merlid forebyggende koordinator i Politiet
    • Kompetansesjef i fylkeskommunen Kariann Dimmen Flovikholm
    • Niels Leenders som er nestleiar i ungdomspanelet i Møre og Romsdal
    • Emma Sylte Austad som er russ dette skoleåret


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Publisert 5. oktober 2022
    52 min
  • I mål med Nordøyvegen

    I mål med Nordøyvegen

    Vi har møtt prosjektleiar Marianne Nærø:

    • Kva gjer Nordøyvegen så spektakulær?
    • Kva for samfunnsmessig betydning har Nordøyvegen?
    • Korleis er det å vere så populær på Nordøyane som det Marianne Nærø er?
    • Og ho gir oss svaret: Korleis levere eit gigantprosjekt på rett tid, kvalitet og godt innafor kostnadsramma?


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Publisert 1. september 2022
    16 min
  • Snart får du første episode

    Snart får du første episode

    Kva gjer eigentleg ein fylkeskommune? I podkasten Frampå skal vi snakke om det som skjer i fylkeskommunen, om rollen vår som regional utviklar og som ein del av demokratiet - og om dei mange ulike oppgåvene i samspelet med kommunar, næringsliv og organisasjonar.

    Frampå er Møre og Romsdal fylkeskommune sin eigen podkast. Kvar månad vil du få nye episodar.



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Publisert 23. august 2022
    1 min